Max Born

Max Born (11. desember 1882 –5. januar 1970 ) var ein tysk matematikar og fysikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1954. Max Born studerte matematikk under David Hilbert og tok doktorgraden i 1906 i Göttingen. Han vart ekstraordinær professor i teoretisk fysikk i Berlin, der han samarbeidde med Max Planck i Albert Einstein og Walther Nernst. Frå 1921 til 1933 var han professor i Göttingen. Her utvikla han saman med Wolfgang Pauli i Werner Heisenberg og Pascual Jordan store delar av den moderne kvantemekanikk. Til dei viktigaste resultatat høyrer den såkalla Born-Oppenheimer-approksimeringa, som i 1928 førte til orbitalmodellen. I 1933 vart Max Born på grunn av den jødiske herkomsten sin og til kona si fråteken professoratet sitt og han emigrerte til Edinburgh der han arbeidde som dosent, fram til han i 1954, same år som han fekk Nobelprisen, vendte tilbake til heimlandet. Her virka han til han døydde. Ved sidan av det vitskaplege arbeidet sitt dreiv han med filosofiske og politiske tema. Han argumenterte mellom anna mot atomopprustning. To gymnasium er kalla opp etter han, i Germering ved München og i Backnang ved Stuttgart. Det same er Max-Born-Institut i Berlin. Barnebarnet hans var songaren Olivia Newton-John.


Developed by StudentB